mandag 29. november 2010

lengt


må tolmod bli gjeven
eit ventande hjarta
og vona bedøva
mitt lengtande bryst

om sukk kunne fangast
all smerte fornummast
berre du kunne røva
meg bort frå mi lyst

fredag 19. november 2010

byen


alt rundt meg
ropar på meg
trapper veltar seg fram sjølve
og dører svingar
meiningslaust
rundt og rundt

alt glir så krevande framover

eg lengtar heim
til handtak som passar
i handa mi
til den gamle døra
som knirkar
og heng i karmen

friksjon er det einaste
fruktbare
av motstand er alt skapt

mandag 15. november 2010

dagbok i november


det står om dagar
eller høgst veker no
snart er det heile over
sjølvtrøyst mot kvelden
eg vart i alle fall ikkje
eit ubeskrive blad

eg konstruerer fuglesong


eg tenkjer ut lydar som heng
eit synkronisert bilete
ti sekund
under den bleike halvmånen

eg veit at ingenting hastar
at utan meg står tida mi
omtrent stille

eg sirklar trøytt
rundt innafor gjerdet
til
nokon har flytta sentrumet mitt
dit dei andre hestane beitar
i det kjølige svarte ljoset

lenge før du kjørte forbi
visste eg du ville kome
og spre oss i morgondisen

om dagen er ditt forbi forbi
noko trygt eg ikkje kan forklare
men vi skjelv i smal natt

snakk til meg om sommardagar
om smaken av sukkerbitar
konkrete kjærteikn frå handa di
denne trugande skuggedansen
torer eg ikkje gripe tak i
og elske