torsdag 14. april 2011

momentum


lengtande
med tøygde ribbein
grip den raude bilen
tak i kantsteinen sin

skiva med
usyra brød
i kjennemerket
forlating for synder

ein airbag
krummar ryggen
mot komande
svingar

onsdag 13. april 2011

utan tyngde


eg held fast i ein draum
om å sveve utan tyngde
knust til sky drøymer dråpen
om bladet
festa til sin kvist

fredag 8. april 2011

tidlege morgonar


kveldane har eit bryne i lomma
råeggen drøymer om tårer
på kvart eit blad
graset
med mogne knoppar i rastlaus svevn

like før tida skal opne alle sår

tirsdag 5. april 2011

fridykk


eg stig ned i angsten min
med eit fokus
på fire minutt og førti

leitande etter perla
innerst i ganen til kvithaien
tek prøvar av giftdråpen til
skorpionfisken

eg smyg meg gjennom ein skog
av elektriske ålar

kvar fins ordet
bokstaven
eller om ikkje anna
eit blodig punktum

det irriterande sandkornet
med muterande evner

eg søkjer ei overflate eg kan bryte

på jakt etter pusterommet
å ein gong kunne stige opp
slik
på andre sida av håp