fredag 24. desember 2010

24.desember - HALD HANDA MI


Lev i stunda - vær her..
I forrykande fart
går julekvelden,
denne vesle elden
som lever, varmer
og gjer meg fri.

Ta handa mi - hald ho..
Ja, hald ho hardt.
Så lenge du held
er det julekveld.
Om du slepper meg
er det forbi.

Ha opne augo - sjå meg..
Ja, sjå meg klart.
Så lenge du ser
er eg levande her
Om du blundar
blir der romjulstid.

torsdag 23. desember 2010

23.desember - TONEN


Den kraup inn i øyra og sitra,
og vekte ein urørt streng.
Som tusen fuglar som kvitra.
Den strauk meg med varleg veng.

Eg hugsar så godt melodien
frå barndommens julesang.
Om ljosglimt på barnestien,
om englar og klokkeklang.

Skulle livet bli tungt å sone,
og eg bli gammal og tanketom.
Så ligg der ein trøystande tone
i min hjernes innerste rom.

onsdag 22. desember 2010

22. desember - HENTE JULETRE


Idag er dagen
då treet blir henta .
Velg meg.. velg meg..
Til glede for mor,
for far og for jenta.
Eg vil vera juletre i år.

Skogen syng,
er høyrer det hit.
Velg meg.. velg meg..
Ikkje lett å sjå
når snøen ligg så kvit.
Eg vil vera juletre i år.

Eg vil også
bli stasa og fjonga.
Velg meg.. velg meg..
Få vatn i skåla,
høyre julesongar
Eg vil vera juletre i år.

tirsdag 21. desember 2010

21. desember - SNU DEG OG SJÅ


Tida skal snu, alt pulserande skal snu.
Lyset og skuggen skal vriast og vende,
for sola skal gjere comeback snart.

Timeglaset vippar, snu skal eg og du.
Mørketid går langsamt mot sin ende.
Kalenderen mister dagar i aukande fart.

Skinnfellen må vendast, og primstaven og,
av dette skal vi skape noko betre og nytt.
Snu deg og sjå attende på året som drog,
Takk for tid som var, og takk for tid som bryt!

mandag 20. desember 2010

20. desember - JON BLUND


Jens Petrus hadde
ein liten tøffel.
Som snurra film
slik ein hussko kan.
Då dukka opp ein
ganske rar karnøffel,
ein "Knekt" med hatt
og med sekk i hand.
Det var slik ei koseleg adventstund
under tryllestøvet til hr. Jon Blund

No visest mykje
merkverdig og rart,
i gløtteskåpet
som i stova står.
Alt har høgare lyd
og fortare fart..
Men propagandaen
er i dag som i går..
Eg minnest med glede den godaste Jon.
Sjølv om han vart avslørt som Stasispion.

Han kom til barna,
og sekken var full
av barn sine rettar -
ein heil konvensjon.
Så dryssa han venleg
sitt støv av purt gull -
og barna vart trøytte
av hans magiske fjon.
".. eg vil sove om ei lita stund.."
Takk til NRK og Jon Blund!

søndag 19. desember 2010

19. desember - HEITE HUNDAR OG PINNEBRØD


Roleg søndag i heimen her
ute er nydeleg vinterver.
Tid for ryggsekk og varme klær.
Utsikt til fjell og til blåe sjø -
Heite hundar og pinnebrød.

Bålet er tend og det ulmar godt.
Kakao i koppen har alle fått.
No kjenner vi magen rumle så smått.
Her er mange munnar å fø -
Heite hundar og pinnebrød.

Akebakken den lokkar dei små.
Der kjem sola og helsar på...
Kan ein betre ha det nå?
Fjerde søndag i advent med snø -
Heite hundar og pinnebrød.

lørdag 18. desember 2010

18. desember - JULEHEFTE


Det var stas i gamle dagar
når årets julehefter kom.
Vi boltra oss i Smørbukk,
Nr. 91 og Kaptein Vom.
Billy, Blondie og Fant
Dei kom, dei såg, og vant.

Mindre glitter og staffasje,
ikkje så mykje rock and roll.
Litt meire bygd og Todal,
og flust med tussar og troll.
Vi tørkar ei tåre og snufsar litt
for rundbrennaren Snøfte Smith.

No er det blåmandag for Nils
og Knut Berg er på AFP.
Vi får håpe at Fiinbeck og Fia
og dei andre får kvile i fred.
På tide å gje seg for klokka er tolv,
men du er sakna, von Bustenskjold.

fredag 17. desember 2010

17. desember - PUSAR OG STELL


Ver snill mot mamma Sue.
Stolt mormor til vel tjue.
Fjern og litt bortskjemt.
Yndig, men bestemt.
Ho trivs som husets frue.

Stell pent med gamle Søren.
Den gamle storsjarmøren.
Ekte bygdestril.
Festglad og viril.
No meir sedat og øren.

Stell godt med vesle Zappa.
Som sit så stolt på trappa
Fangar nattemus.
Dagen innomhus.
Og veldig mjuk å klappa.

torsdag 16. desember 2010

16. desember - SAKSA GÅR


Luggen ned i fleisen.
Mor vil ha han sveisen.
Klipp klipp, saksa går.
Golvet fullt av lause hår

Norge er i fråde.
Postverk utan nåde.
Klipp klipp, saksa går.
Pakken må nå fram i år.

Bordet skjelv og vippar.
Pappa står og trippar.
Klipp klipp, saksa står.
Telje fingrar før vi går.

onsdag 15. desember 2010

15. desember - PUSLESPEL


Om barndomsminna svinn,
så ser eg puslespela
klart.
Himmel blå og mørkeskog.
Ei fiskeskøyte ligg ved kai,
så rart.
Det gjeld å finna rette biten -
ikkje lett for den som er så liten...

Er det livets byggesteinar som
ligg så flokut i ein haug på
bordet?
Ein finn vi lett, mens andre
ser vi ikkje før vi har blitt
store.
Bit for bit vert bildet teikna -
og står om andre minner bleikna...

Mitt minne er eit digert puslespel
eg ordnar og eg byggjer trufast,
men
ein bit forsvant i støvsugaren
til mor. Den finn eg aldri meir
igjen.
Å jakte alle bitar som blei borte -
når natta er så lang og dagane så korte...

tirsdag 14. desember 2010

14. desember - SMILET


Det ligg på lur
og vel sin tid og stad.
Om eg er sur,
eg skifter og blir glad

Det smittar visst
det ser eg no. For her
er ingen trist,
og fleire står og ler.

Det varer litt,
for enno kan eg sjå
det smilet ditt
som tok vekk alt det grå.

mandag 13. desember 2010

13. desember - MELLOM LJOS OG MØRKE


Vi går imot skiftande tider..
der mørket skal smuldre for ljos.
Det stilnar i skog og i lier,
vi ventar - i stove og fjos.

Ho kom i den mørkaste tida
med flakkande ljos i si hand.
Og håpet var det, Lucia
som levde i flammen som brann.

Og alle små stjerner må vike,
for i aust ser eg himlen bli blå.
For fattige folk som for rike,
er lengselen tydeleg nå.

søndag 12. desember 2010

12. desember - OM SPOR OG TØFLAR


Spor av barneføter inn frå badet
våte avtrykk over kalde golv
"Les oss mens vi er der," sa det..
Desember ropa ublygt talet tolv
Å traske barbeint slik er kaldt å gjera,
lage sarte spor som kanskje endrar verda.

Du skal sleppe det å trø i mine skor
eg som jamt har virra og gått feil.
Ingen treng å fylle andre sine spor,
men velg du sjølv kva veg du snur ditt segl.
Enno har du lov spørje meg å følgje deg,
men snart skal barneføter velge eigen veg.

Eg er redd for dagen då ditt spor skal svinge,
men skjønar jo at nettopp slik er livets lov.
Kva veg tek du den dag du høyrer klokka klinge,
Kva venter mennesket bak siste nov..
Eit barbeint barnespor i verda er eit lys.
Ta desse tøflane og varm deg når du frys...

lørdag 11. desember 2010

11. desember - BALLONG


Ølet går..
Advent får
denne vesle song.
Fugl på veng
eg i seng,
ølet på ballong.

Regnar ute
eg på pute
tørr og varm og fjong
tel på plopp
luft vil opp
frå ein lun ballong

Snart eg må
opp og sjå,
innerst i ein gong.
Vert den klar?
Nissefar
skal få jubalong!

fredag 10. desember 2010

10. desember - PLASTELINA


Verda har kome litt vidare
om andre ting har stogga opp.
Min mage veks og vert sidare
men håret er over sin topp

Sånn sett er det lett å bli deppa
når din kropp er av mjuk plastelina.
Då er det godt at på leppa
kan du godt velge bort vaselina.

Sjølv den blåe lypsylen er "ute".
No er det visst lipgloss som gjeld...
Er du blant ulvar, må du òg tute
om du har tenkt å bli Top Model.

torsdag 9. desember 2010

9. desember - STRESS NED


Og nissen var frå Frysetopp
Med is i skjegget sa det stopp
"Høyr no, mi fru
du vil 'kje tru..
vårt reinsdyr vil 'kje starta opp"

Og nissen var frå Hissignut.
Ein stressa kar og ilter gut.
Han streva på
det gjekk i stå...
Og ingen gåver fekk han ut.

Og nissen var frå Smilefjell
halvannan mil frå Fillefjell.
For glad og sløv
han ligg og søv...
"Eg skal nok nå det, likevel!"

onsdag 8. desember 2010

8. desember - SNART SKAL DET SKJE


Magnetisme i lufta,
det glitrar i snøen
og bygda kviler i fred.
Stjernene blinkar
blåmeisa vinkar -
snart skal det magiske skje.

Sju sortar i boksen
og pinnekjøtt til tørk,
no stryk vi dukar og kle.
Nissen har pakka,
tatt på varmaste jakka -
snart skal det magiske skje.

Advent er ei lita glo
kort er dagen og stunda.
Snart tar det magiske slutt.
Det er no det skjer,
det er oss, det er her.
Jula er vakker - og stutt.

tirsdag 7. desember 2010

7. desember - OPP OG NED


Sol står opp
og spinn ei stund,
så fer ho att -
det er rart i grunn
at sola er ein jojo.

Eg sprett or dyna
klar til dyst,
eg heng i stropp
med liv og lyst.
Eg trur eg er ein jojo.

Vår klode heng
i tynne tråd
som nokon loopar med
høgt i det blå -
kven triksar med vår jojo?

mandag 6. desember 2010

6.desember - NEGLESPRETT


Rim og klake,
fins ikkje make.
Tommeltott
Slikkepott..
begge har dei skjelven fått

Langemann
Gullebrand..
med minus ti i lufta
noko meir i lusekufta
neglesprett er ikkje godt

Ingen vanske
hånd i hanske!
No kan ytste fingen
Veslegut på vingen
byrje leve att så smått.

søndag 5. desember 2010

5. desember - ENDRING


Du skal eldast og mognast,
ein krok som skal krøkast.
Slik vi alle skal vekse og gro.
Sjølv ein kantete stein
er i endring...
Han kan slipast eller lett gå i to

Har du grisa deg til
kan du vaskast,
er du trøtt kan du sove det vekk.
Om du snubla og datt
kan du reise deg att.
Du kan endre din kurs der du må

Men om noko blir endra
og planar erstatta
om det krøkte blir høvla og filt.
Er du alltid den same
ei stjerne i natta
ein handlaga skatt, som er du.

lørdag 4. desember 2010

4. desember - HEIM TIL JUL


Fire kule fløyter
for å finne kvarandre
til mor, far.. og katten..
den siste til meg.
Eg bles når det røyner
og eg søker dei andre
vi skal heim att til jul,
og lyt vakte vårt steg.

I trengsel og handel,
er det lett å bli borte.
I skogen så vid
skal vi finne eit tre.
Vi bles for å varsle
at tida er kort,
vi må kome oss heim att
når sol har gått ned.

I seinaste laget
kan mykje gå fløyten
når du er på heimveg
om togfløyta går.
Eller verfast på fjellet,
far held varmen med Løiten
Vi må kome oss heim
sjølv om Snø-Norge står.

fredag 3. desember 2010

3. desember - SÅPA


eg er flytande grønn
angar granbar og lønn
eg kan vere klumpete brun
eller rosa og blå

eg kan brukast i håret
og nedover låret
frå den ytterste dørstokk
til bakerste krå

fram med bøtte og mopp
ut med støvfnugg og sopp
huset skal skine, du skal
skunda deg nå..

2. desember - NISSEN I KULA


I glaskarmen stod det
ei magiske kula
og inni den kula var
dytta ein mann
han bar på ein sekk
det var tydleg at jula
den lyste og skein
ut av auga på han

Nå vi tok ho opp
og rista og vende
då kom det ein snøstorm
det husja og bles
og nissefar streva
då kan det vel hende
vi tykte litt synd på
hans skjeggete fjes

Det dryssa så vakkert
og alt vart så kvitt
ein barndomsgod stemning
om fred over jord
vi ønska oss gåver
det var ikkje fritt
frå nissen på vegen
i kula til mor

‎1. desember - VARMT HJARTE


Inne i kroppen
der er noko rart
eit hjarte som
tikkar og bankar

Det tikkar så stille
det bankar så hardt
det gjer meg så varm
og set igang mine tankar

At alle i verda
har hjarte, så smart...
små varme hjarte
som tikkar og bankar

mandag 29. november 2010

lengt


må tolmod bli gjeven
eit ventande hjarta
og vona bedøva
mitt lengtande bryst

om sukk kunne fangast
all smerte fornummast
berre du kunne røva
meg bort frå mi lyst

fredag 19. november 2010

byen


alt rundt meg
ropar på meg
trapper veltar seg fram sjølve
og dører svingar
meiningslaust
rundt og rundt

alt glir så krevande framover

eg lengtar heim
til handtak som passar
i handa mi
til den gamle døra
som knirkar
og heng i karmen

friksjon er det einaste
fruktbare
av motstand er alt skapt

mandag 15. november 2010

dagbok i november


det står om dagar
eller høgst veker no
snart er det heile over
sjølvtrøyst mot kvelden
eg vart i alle fall ikkje
eit ubeskrive blad

eg konstruerer fuglesong


eg tenkjer ut lydar som heng
eit synkronisert bilete
ti sekund
under den bleike halvmånen

eg veit at ingenting hastar
at utan meg står tida mi
omtrent stille

eg sirklar trøytt
rundt innafor gjerdet
til
nokon har flytta sentrumet mitt
dit dei andre hestane beitar
i det kjølige svarte ljoset

lenge før du kjørte forbi
visste eg du ville kome
og spre oss i morgondisen

om dagen er ditt forbi forbi
noko trygt eg ikkje kan forklare
men vi skjelv i smal natt

snakk til meg om sommardagar
om smaken av sukkerbitar
konkrete kjærteikn frå handa di
denne trugande skuggedansen
torer eg ikkje gripe tak i
og elske

mandag 30. august 2010

ti minutt ekstra


dei høyrde alt
som vart sagt om han
i friminutta
hans altfor store øyrer

kan eitt hovud
romme
så mykje tilgjeving
at det sagte vert usagt
kan ein stadig le
etter slik gråt

sjølv no
etter så mange år

merkar han enno trykket
mot tinningen
enno samanbiten taus
verkande i kjeven

når han står opp
treng han enno ti minutt
ekstra
kvar morgon
før han går inn i livet
til alle oss andre

dagane vil bli lest


skriv deg gjennom sorg
og la gleda ligge urørt
plant bokstavar i djupaste natt
for dagane vil bli lest
ikkje bortforklart

onsdag 11. august 2010

stunda


lyset fall så vakkert

grensa
mellom ute og inne
var ei gardin i lett bris
og angande hegg
ein mjølkeveg av feromer
ei bru mellom meg og deg

frys stunda

la meg leve
i dette prismet
til alt
er ferdig utforska

tirsdag 3. august 2010

på silkeseng


det er eg som trekkjer
i trådane
spinn tankar
av rein silke

hos meg
kan vandrarar
sette børa frå seg
leggje seg nedpå litt
sullast inn
i søvnen svarte

tanken var


å drikke sollys
å svaie i bris
av forventning
å kile humlene
med gule følarar
å leve i hundre år

marsdagane
var så korte
med netter
utan lovnader

lørdag 31. juli 2010

partituret


i partituret
står alt notert
korleis vi skal leve
inn i kvarandre
sterke og svake stemmer
vevde tett saman
vere kvar vår del
av overordna heilskap

vi får gjere
som komponisten
har sagt

leve ufortolka
ikkje ekte fridom
ingen individuell
improvisasjon

enno

kommunikasjon


kort melding
ut

alt overflødig
skrapa vekk

hei
her er
eg

over

striper


det ror og ror i meg
perler dryp
i god kveldssol

det ror seg
ei kjølstripe
gjennom meg

det stig av odel i meg
eg ror meg eit land
der alt er gull

fredag 30. juli 2010

trange dører


stadig tettare samlar lufta seg
kvelden ligg på kne
og plukkar skumringar
flettar midtsommarskrans
i gul september
stryk med lette fingrar gjennom håret

kven torer å tenkja på
liv etter dette
inkarnasjon etter teppefall
ekstraomgangar
resirkulering

eg møter morgondagane
gjennom trange dører
helsar skjelvande på håndtak
av draum og håp

torsdag 29. juli 2010

nocturne


eit ljosår inn i mørke
ligg du

sovande
ein millimeter
utafor rekkevidde
ligg du

vi er vant med det her oppe
mørketid og ljosår
årstider og evig stille
det vi trur vi veit alt om
og det vi ikkje torer tenkje på

aldri sålite
inn i mørketida
på kingelvev slumrande
ligg du

la meg hesja deg


hengja deg opp
på strengjene mine
la deg tørke ut
mellom notelinjene mine
alt dette ufrie
unaturlege ved deg
skal ut

så vil eg sjå deg
når verdssafta
er ute av kroppen din
eg vil sjå skalet
og kjernen
det eigentlege

eg vil du skal drype bort
vil jage fuglane
vende stengde øyro
til sekstandedelane
plassert logisk i system

seinare ja
då kan du synge
male lydar slik du vil
utover landskapet mitt
smette ut og inn mellom stolpane
bryte taktstrekar bortover

nett no
lyt du vente
du har augustdogg
i håret

onsdag 28. juli 2010

februareksos


ei grå hand
spretta opp lungene hans
til noko lyseraudt piplande

hikstande i åndenaud
som ein utett toradar
og tørr krampehoste
med eit stivt tak i nakken

rundt omkring han
freistar framande tunger
å sende ord gjennom

finn samtalar rette vegen
trommehinner sprengt til bristepunktet
livredde for å overhøyre vibrasjonar
rovdyr som utsender angstsignal

ditt og mitt er område
andre ikkje skal ferdast i
fuktige territorialmerker
glinsar i matt vintersol

sanning



kva skal det vera
kassadama
smiler sterilt venleg
han kikkar rundt i
livsbutikken

sanninga
seier han kort

slike varer
har vi her bak, seier ho
saman går dei ut
på lageret

ho peikar og spør
den heile og fulle
han ristar på hovudet
den vert for dyr

denne, ho peikar igjen
er på tilbod
godt det same, seier han
la meg få
to halve istaden