lørdag 31. juli 2010

partituret


i partituret
står alt notert
korleis vi skal leve
inn i kvarandre
sterke og svake stemmer
vevde tett saman
vere kvar vår del
av overordna heilskap

vi får gjere
som komponisten
har sagt

leve ufortolka
ikkje ekte fridom
ingen individuell
improvisasjon

enno

kommunikasjon


kort melding
ut

alt overflødig
skrapa vekk

hei
her er
eg

over

striper


det ror og ror i meg
perler dryp
i god kveldssol

det ror seg
ei kjølstripe
gjennom meg

det stig av odel i meg
eg ror meg eit land
der alt er gull

fredag 30. juli 2010

trange dører


stadig tettare samlar lufta seg
kvelden ligg på kne
og plukkar skumringar
flettar midtsommarskrans
i gul september
stryk med lette fingrar gjennom håret

kven torer å tenkja på
liv etter dette
inkarnasjon etter teppefall
ekstraomgangar
resirkulering

eg møter morgondagane
gjennom trange dører
helsar skjelvande på håndtak
av draum og håp

torsdag 29. juli 2010

nocturne


eit ljosår inn i mørke
ligg du

sovande
ein millimeter
utafor rekkevidde
ligg du

vi er vant med det her oppe
mørketid og ljosår
årstider og evig stille
det vi trur vi veit alt om
og det vi ikkje torer tenkje på

aldri sålite
inn i mørketida
på kingelvev slumrande
ligg du

la meg hesja deg


hengja deg opp
på strengjene mine
la deg tørke ut
mellom notelinjene mine
alt dette ufrie
unaturlege ved deg
skal ut

så vil eg sjå deg
når verdssafta
er ute av kroppen din
eg vil sjå skalet
og kjernen
det eigentlege

eg vil du skal drype bort
vil jage fuglane
vende stengde øyro
til sekstandedelane
plassert logisk i system

seinare ja
då kan du synge
male lydar slik du vil
utover landskapet mitt
smette ut og inn mellom stolpane
bryte taktstrekar bortover

nett no
lyt du vente
du har augustdogg
i håret

onsdag 28. juli 2010

februareksos


ei grå hand
spretta opp lungene hans
til noko lyseraudt piplande

hikstande i åndenaud
som ein utett toradar
og tørr krampehoste
med eit stivt tak i nakken

rundt omkring han
freistar framande tunger
å sende ord gjennom

finn samtalar rette vegen
trommehinner sprengt til bristepunktet
livredde for å overhøyre vibrasjonar
rovdyr som utsender angstsignal

ditt og mitt er område
andre ikkje skal ferdast i
fuktige territorialmerker
glinsar i matt vintersol

sanning



kva skal det vera
kassadama
smiler sterilt venleg
han kikkar rundt i
livsbutikken

sanninga
seier han kort

slike varer
har vi her bak, seier ho
saman går dei ut
på lageret

ho peikar og spør
den heile og fulle
han ristar på hovudet
den vert for dyr

denne, ho peikar igjen
er på tilbod
godt det same, seier han
la meg få
to halve istaden