torsdag 14. april 2011

momentum


lengtande
med tøygde ribbein
grip den raude bilen
tak i kantsteinen sin

skiva med
usyra brød
i kjennemerket
forlating for synder

ein airbag
krummar ryggen
mot komande
svingar

onsdag 13. april 2011

utan tyngde


eg held fast i ein draum
om å sveve utan tyngde
knust til sky drøymer dråpen
om bladet
festa til sin kvist

fredag 8. april 2011

tidlege morgonar


kveldane har eit bryne i lomma
råeggen drøymer om tårer
på kvart eit blad
graset
med mogne knoppar i rastlaus svevn

like før tida skal opne alle sår

tirsdag 5. april 2011

fridykk


eg stig ned i angsten min
med eit fokus
på fire minutt og førti

leitande etter perla
innerst i ganen til kvithaien
tek prøvar av giftdråpen til
skorpionfisken

eg smyg meg gjennom ein skog
av elektriske ålar

kvar fins ordet
bokstaven
eller om ikkje anna
eit blodig punktum

det irriterande sandkornet
med muterande evner

eg søkjer ei overflate eg kan bryte

på jakt etter pusterommet
å ein gong kunne stige opp
slik
på andre sida av håp

onsdag 30. mars 2011

origami


jenta i foldeskjørt
titusen hårsløyfer av sol
brettar seg varsamt ut

tirsdag 29. mars 2011

mellom reklame


mellom reklameinnslaga
oppstår små hol
i sendeflata
som ein tettar
med skuldertrekk
navlelo
og laurdagsgodter
du ikkje treng å ta
inn over deg
eller tyggje på

innunder overhenget


ein fjellklatrar
i loddrett fasade
kallar på deg
innunder overhenget

eg slår ein ny kile inn
finn fotfeste i sprekker
sikrar meg gjennom avvik
i glatt overflate

eg bryr meg
innover i deg
eg leitar
etter prinsessa
i berget

jenta på steinen


nett her
på denne kvite steinen
under desse greinene
mellom einebuskane
i myrullsenga
sat ho
jenta

ho retta på sokkane
og knytte eine skoen
tettare på

enno kjenner eg
varmen frå henne
då ho hasta forbi

sommar


som lyden av sukkererter
mot mjølketenner
og den ru tunga di
med grønmost substans
innover i munnen og bak
forbi ganen og nedover

som lukta av bitte små
søte nyss luka gulerøter
ofra for å gje plass
til vokstervilje
og stupid matnytte
som tanken på at alt

ein dag er borte
som det eine
nesten heilt raude
villjordbæret du fann
då du leita etter lommekniven
i graset ved snuplassen

grensa


eg gjekk til endes
gjennom grinda
rundt svingen
fram på kanten

alt som trekkjer meg
bakover
held pusten
eg og
held pusten
her går grensa
ingen tvil om det

så tok eg
eitt steg
til